Vil du vere med å utvikle orkesteret vidare i eit spennande nytt samarbeid med ny kunstnarleg leiar, kulturskulane på Jæren og oss i orkesteret? Då er dette noko for deg! Jæren Symfoniorkester søkjer etter riktig person i nyoppretta stilling:

DAGLEG LEIAR 10% stilling, foreløpig engasjement i 2 år

Oppstart: 1. august 2019

Oppgåver som vil liggje til stillinga:

  • Samarbeide med kunstnarleg leiar/dirigentar og styret om oppgåver
  • Marknadsføring og vedlikehalde nettside/sosiale media
  • Noteforvaltar
  • Sekretærarbeid og sekretær for styret
  • Organisatorisk ansvarleg før, under og etter konsertar og opptredenar
  • Skaffe ekstramusikarar ved behov og følgje opp desse

Kvalifikasjonar og eigenskapar:

  • Orkestererfaring ein fordel
  • Musikkfagleg utdanning, eventuelt musikkrelatert realkompetanse
  • God norsk munnleg og skriftleg formuleringsevne
  • God digital kompetanse, og god forståing i bruk av Office-produkt
  • Ryddig og strukturert med god samarbeidsevne

Løns- og arbeidsvilkår etter avtale. Nødvendig opplæring vil bli gitt.

For spørsmål kontakt Liv Tjemsland, styreleiar, mob. 410 911 98.

Søknad i PDF-format med CV vert sendt til leiar@jaso.no.

Aktuelle søkjarar vert innkalla til intervju.

SØKNADSFRIST: 11. juni 2019

Skriv ut denne stillingsannonsa

Jæren Symfoniorkester er eit interkommunalt samarbeid mellom jærkommunane Klepp, Time og Hå. Det er eit amatørorkester, men har profesjonell konsertmeister og gruppeleiararar på ulike instrumentgrupper. Frå hausten 2019 er Christopher McMullen-Laird orkesteret sin kunstnarlege leiar/dirigent. Jæren Symfoniorkester er både eit tilbod til unge musikarar frå kulturskulane når dei har kome opp på eit tilstrekkeleg nivå, og vaksne musikarar som ønskjer å spele i eit symfoniorkester. Orkesteret ønskjer å gje innbyggjarane i jærkommunane eit lokalt konserttilbod med klassisk, symfonisk musikk. Vi ønskjer å leve etter mottoet vårt – Glede i kvar tone! Øvingsstaden er på Bryne.